Dei som produserer Suldalstrappa bryr seg.

OM OSS

Eit steg vidare, er vårt slagord og kundeløfte.

På Suldal Trevare arbeidar me etter dette kvar dag når me produserar Suldalstrappa.

 

Me skal forstå ditt behov, når det gjeld forslag til løysingar, val av materialar, overflatebehandling og ikkje minst sjølve monteringa. Me veit inderleg vel, at du som kunde, er vår beste seljar og ambassadør. 

 

Me er klare til å ta deg eit steg vidare, som ny og nøgd trappeeigar.

 

Som elles i livet, handlar trappeproduksjon også om å ta nokre val, ikkje berre tilfeldige trinn. Tresort, farge, rekkverk, spiler, handlister og mykje anna er med på å forme ei god trapp. Me veit også at ei trapp i dag er eit møbel for mange. Fleire og fleire kundar oppdagar at ei flott trapp spelar ei viktig hovudrolle i huset.  Me som arbeider på Suldal Trevare produserar Suldalstrappa etter ønske frå deg, og i lag med vår trappekunnskap, tek me saman eit steg vidare.

 

Me er gode på å konstruera, produsera og montera brukarvenlege trapper med høg kvalitet. Med andre ord; me utfører skikkeleg handverk.

 

Me tilbyr alt frå rimelege standardtrapper til skreddarsydde og unike trapper. Suldalstrappa skal gjera deg som kunde stolt, og oss som trappeleverandør staut.

 

Me set stor pris på om du tek kontakt for ein trappeprat.