Dei som produserer Suldalstrappa bryr seg.

FABRIKKEN

Fabrikken ligg på Sand i Suldal kommune. Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur i underkant av 3900 menneske her. 1300 av desse bur i kommunesenteret Sand.

 

SCM cnc-maskin

Me har ein ny og god maskinpark, med blandt anna to CNC-maskinar og ei automatisk male-/lakklinje.

Begge CNC-ane er femaksa, den nyaste har både ein femaksa og ein triaksa spindel, og heile tri verktøysvekslarar

Me har eit toppmoderne male-/lakkanlegg. Trappa er ein bruksgjenstand og eit møbel, difor er val av treslag og overflatebehandling avgjerande for at trappa skal sjå ny ut etter fleire års bruk

For å oppnå ein god og varig kvalitet, limer me tynne hdf-plater på våre vanger før maling, noko me truleg er åleine om i Norge.

Dette gjer at me får ei perfekt overflate, utan gjennomslag av lameller og kvistar